Stjørdal Raudt var det einaste partiet i kommunen som stilte til val i haust og sa ja til innføring av eigedomsskatt i Stjørdal. Det var dristig og potensielt upopulært, men nødvendig for oss som parti å fokusere på at kommunen kunne sikre seg nødvendige inntekter for å sikre velferda for alle som bur i kommunen.

Gjennom fleire år har dei borgarlege partia i kommunen gjennom skremselspropaganda skapt ein motvilje blant veljarane til denne skatteforma. Dei har stempla denne skatteforma som usosial fordi det ville bli ein ekstraskatt for folk flest. Men dette er reint oppspinn. Sanninga er at det er slett ikkje nødvendig i det heile tatt å innføre eigedomsskatt på bustadhus.

Det er 356 kommunar i Noreg, og 322 av desse har innført eigedomsskatt i ei aller anna form. Berre 34 kommunar har ikkje eigedomsskatt, og Stjørdal er den einaste kommunen i Trøndelag som ikkje har det. Dette er opplysningar frå heimesida til Statistisk Sentralbyrå.

No er Stjørdal kommune i økonomisk trøbbel. Dette veit kommunedirektøren, og derfor la han fram eit forslag om innføring av eigedomsskatt for politikarane i kommunen tidlegare i haust. Men han fekk da ordre frå fleirtalet av politikarane om å kutte ut denne inntektskjelda i det vidare arbeidet med budsjettet. Det er nesten ikkje til å tru at posisjonen vel bort desse inntektene og heller vel å kutte i skole, kultur og helse. I staden for å diskutere korleis dei skal skaffe kommunen meir inntekt, vel dei å berre diskutere kva og kor mykje dei skal kutte. Det er hjartelaus politikk og eit svik mot innbyggarane i Stjørdal.

Raudt synest det er viktig at innbyggarane i Stjørdal får vite om kor store inntekter kommunen kunne ha fått utan at det trong å koste kvar enkelt bustadeigar ei einaste krone. Det er nemleg mogleg å innføre eigedomsskatt på næring, kraftanlegg, kraftnett og anlegg, altså utan å krevje skatt på bustad. Kommunedirektøren sine tal på kor mykje dette kunne tilføre av inntekt for kommunen ser slik ut: Neste år 8,9 millionar kroner, i 2025 17,8 millionar, i 2026 26,6 millionar og i 2027 35,5 millionar.

Dersom ein seinare skulle ønske å innføre eigedomsskatt også på bustad og fritidseigedommar, kan dette gjerast på ein slik måte at det blir skatt berre på dei eigedommane som har størst verdi.

Lars Moa,

vararepresentant i kommunestyret for Raudt