Det seier forleggar Jan Kløvstad om Lars Moa frå Stjørdal. Kløvstad er tidlegare leiar av Nordens Hus på Færøyane.

Laurdag kveld hadde han med seg takk og helsing frå kulturdirektøren i Færøyane til stjørdalingen og 70-årsjubilanten Lars Moa. Kulturdirektøren i Færøyane seier seg veldig glad for at Lars Moa tek på seg jobben med å omsette og være med på å spreie litteratur frå Færøyane i Noreg.

– Det er viktig for eit lite folk som vårt å ha gode ambassadørar ute, seier kulturdirektøren i helsinga frå Færøyene.

Kulturkveld

Eit hundretals tilhørarar møtte til norsk-færøysk kulturkveld i Lokstallen i Stjørdal laurdag. I staden for ei tradisjonell åremålsfeiring, inviterte Lars Moa slekt, vener og alle andre interesserte til eit møte med kunstnarar frå Noreg og Færøyane.

Åshild Mundal frå Stjørdal representerte Noreg. Ho spela piano og song til stor applaus frå publikum.

Applaus høsta òg forfattar Jóanes Nielsen og visesongar Hanus Johansen. Begge er folkekjære kunstnarar på Færøyane.

Jóanes Nielsen hadde skrive eit dikt til kulturfesten i Stjørdal. Det vart urframført i Lokstallen under festen laurdag. Lars Moa har omsett mange av dikta til Jóanes Nielsen til norsk. Diktaren leste sjølv fleire av sine dikt i Lars Moa si nynorske språkdrakt.

Nielsen er ein veldig allsidig forfattar som skriv både lyrikk, romanar, skodespel og essays. Lars Moa har omsett åtte av bøkene hans til norsk. Jóanes Nielsen er også ein elska – og hata deltakar i den politiske debatten i Færøyane.

Hanus G. Johansen er ein framifrå gitarspelar. Det viste han i Lokstallen laurdag kveld. Songstemma hans passar til alt frå den varaste, mildaste til den råaste, nifsaste song. Han har komponert melodiar til dikt av mange færøyske forfattarar. Han har òg laga melodiar til mange dikt av norske Jakob Sande. Hanus framførte mange av melodiane i Lokstallen.

Alle 23 versa

Eit av høgdepunkta under festen var da forsamlinga song alle 23 versa av «Blant alle lande» av Ole Vig som var fødd og voks opp i Stjørdal.

Jubilant Lars Moa har nemleg jobba mykje med å spreie interessa for sin sambygding, skolepionér og diktar Ole Vig. Moa har blant anna leia Ole Vig-fondet i ei årrekkje.

I sitt syttiande år er jubilanten aktiv som leiar av stjørdalsavdelinga til Noregs Mållag. I vår er mållaget blant anna med på å leggje til rette for fleire kulturarrangement i kulturhuset Kimen samarbeid med biblioteket i Stjørdal.

Og jubilanten Lars Moa arbeider vidare med å omsette enda meir litteratur frå færøymål til nynorsk.