I biblioteket i Kimen kan vi møte omsettaren Lars Moa frå Stjørdal og forfattaren og journalisten Ottar Fyllingsnes som har skrive bok om Færøyane.

Arrangementet er eit av fleire arrangement som Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek samarbeider om denne våren.

Færøyane er vår nærmaste nabo i vest. Dei femti tusen innbyggarane er nære slektningar av oss nordmenn. Dei har sitt eige språk som dei er oppriktig glade i og gjer alt dei kan for å halde i hevd. Interessa for dette vesle landet midt ute i det enorme havet, veks fort år for år. Og turistnæringa i Færøyane har eit luksusproblem: Dei må heile tida auke hotellkapasiteten for å kunne huse alle dei tilreisande.

Ottar Fyllingsnes si bok er den første av eit visst omfang som kjem ut i Noreg sidan 1944. Boka gir eit breitt bilde både av det færøyske samfunnet av i dag og langt bakover i tid. Hans profesjon som journalist viser seg tydeleg gjennom ei rekke interessante intervju med mange slags folk. Boka er gjennomillustrert med gode fotografi, og han vil vise mange av desse på skjerm og fortelje om Færøyane med utgangspunkt i bilda.

Omsettar Lars Moa frå Stjørdal har omsett og utgitt 18 bøker frå færøysk; bildebøker, barne- og ungdomsbøker, lyrikksamlingar, skodespel og romanar. Hans rolle på møtet onsdag kveld vil vere å utfylle kåseriet til Fyllingnes med skjønnlitterære tekstar som han sjølv har omsett.