Lars Moa har omsett og utgitt18 bøker frå færøysk til norsk.
(Foto: Jan Erik Sundøy)

Lars Moa har omsett og utgitt18 bøker frå færøysk til norsk. Foto: Jan Erik Sundøy

Fakta eller fiksjon om Færøyane i biblioteket

Færøyane er tema på biblioteket i Stjørdal onsdag kveld.

I biblioteket i Kimen kan vi møte omsettaren Lars Moa frå Stjørdal og forfattaren og journalisten Ottar Fyllingsnes som har skrive bok om Færøyane.

Arrangementet er eit av fleire arrangement som Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek samarbeider om denne våren.

Færøyane er vår nærmaste nabo i vest. Dei femti tusen innbyggarane er nære slektningar av oss nordmenn. Dei har sitt eige språk som dei er oppriktig glade i og gjer alt dei kan for å halde i hevd. Interessa for dette vesle landet midt ute i det enorme havet, veks fort år for år. Og turistnæringa i Færøyane har eit luksusproblem: Dei må heile tida auke hotellkapasiteten for å kunne huse alle dei tilreisande.

Ottar Fyllingsnes si bok er den første av eit visst omfang som kjem ut i Noreg sidan 1944. Boka gir eit breitt bilde både av det færøyske samfunnet av i dag og langt bakover i tid. Hans profesjon som journalist viser seg tydeleg gjennom ei rekke interessante intervju med mange slags folk. Boka er gjennomillustrert med gode fotografi, og han vil vise mange av desse på skjerm og fortelje om Færøyane med utgangspunkt i bilda.

Omsettar Lars Moa frå Stjørdal har omsett og utgitt 18 bøker frå færøysk; bildebøker, barne- og ungdomsbøker, lyrikksamlingar, skodespel og romanar. Hans rolle på møtet onsdag kveld vil vere å utfylle kåseriet til Fyllingnes med skjønnlitterære tekstar som han sjølv har omsett.

Mer å lese på Bladet:
 
comments powered by Disqus
Leses nå
 
Nyheter

Ekstrem camping på Rypetoppen:

Her kan du overnatte i telt i fjellveggen

Er du lei av å sove i din egen seng? Da kan dette være en mulighet.

Tiltalt for kroppsskade

Stjørdalingen må møte i tingretten neste torsdag tiltalt for to tilfeller av voldsbruk.

VRM og Joker Engros i gang

–Vi regner med å vokse, sier daglig leder Geir Kirkbak.

Motorsykkelfører må sone 24 dager i fengsel

Råkjørte for å komme unna skummel elbilfører

Suste av gårde i 142 kilometer i timen på E14.

Skal finne kjemien på TV:

– Altfor eventyrlysten til å si nei

Lærer ved Vikhammer skole, Vegard Bergh (29), deltar på NRKs kjærlighets-reality.