Stjørdal kommune la før påske fram ein moglegheitsstudie som omhandla skulestrukturen i Stjørdal kommune. Den synte at gevinsten ved å legge ned grendeskulane ikkje var så stor. Nå ser det ut til at Venstre og deira støtteparti har gått tom for argument. Dei ynskjer seg å skaffe seg eit nytt kort som argument for å legge ned skulane i Forradal, Flora og Skjelstadmark. I neste omgang er det andre skular dei og ynskjer å legge ned.

Eg tykkjer denne spørjeundersøkinga er ein veldig populistisk måte å drive politikk på. Populisme blir kjennesteikna ved at det er enkle spørsmål og enkle svar på kompliserte saker. Spørsmålet som er stilt er enkelt; «Ønsker du at grendeskolene i Skjelstadmark, Forradal og Flora skal bestå?» Eg oppfattar dette som eit mykje større spørsmål. Det handlar om veldig mykje meir. Det handlar ikkje berre om nedlegging av tre skular i Stjørdal. Det handlar og om nedlegging av grendemiljø. Det handlar om nedlegging av grendeskulen som sosial arena, som samlingsplass for fritidsaktiviteter eller stad for feiring av 17.mai.

Stjørdal er ein kommune i vekst. Vi må skape vekst i heile Stjørdal, ikkje berre i sentrum. Alle bygder trengs for å skape denne veksten. Alle kan ikkje bu i Stjørdal sentrum. Grendeskulane er viktige for at barnefamiliar skal ynskje å flytte til alle delar av Stjørdal.

Det er trist at politiske krefter i Stjørdal nå vil lage ei splitting mellom sentrum og grendene i kommunen. Det er ikkje eit enten eller. Det er eit både og. Vi må både ha eit levande sentrum og levande grender. Vi er gjensdig avhengig av kvarandre.

Vårt demokrati er tufta på at vi vel politikarar gjennom val. Desse skal i neste omgang sette seg grundig inn i ofte vanskelege politiske saker, som t.d. skulestruktur, for så å ta ei avgjerd til beste for alle i kommunen. Saka om skulestruktur inneheld mange politikkområde. Den handlar både om bustadutbygging, utbygging av gang- og sykkelveg, næringsutvikling, nærmiljøpolitikk osv. - i tillegg til skulepolitikk.

Skulestrukturen er ei sak som er svert viktig for alle i Stjørdal. Ei så viktig sak burde difor avgjerast gjennom val til kommunstyre, ikkje gjennom ei populistisk SMS-undersøking.

Marit Nestande

Mor til fire i Elvran