Styret for Ole Vig-fondet har vedtatt at Leo Ajkic får Ole Vig-prisen for 2017.

Begrunnelsen for tildelingen er som følger:

Leo Ajkic får Ole Vig-prisen for sitt personlege engasjement for menneske på flukt, og for å gi denne gruppa ei tydeleg stemme i den offentlege debatten. Han har brukt TV som sin arena for folkeopplysning, og har satt fokus på viktige tema på ein måte som har satt spor etter seg. Han når eit stort publikum med sine program, og har vore eit viktig forbilde for andre som har innvandrarbakgrunn.

Leo Ajkic er fødd i Mostar i Bosnia i 1983. Han kom til Noreg som 11-åring, etter at han og familien hadde vore på flukt i fire år. Han har studert mellom anna sosialantropologi ved Universitetet i Bergen, og har vore knytt til NRK sidan 2010. Han har vore ein viktig profil for kanalen, og har leia mange ulike programkonsept: TV-aksjonen i 2011, Leo & de utstøtte (P3), Leo og u-landslaget (NRK 3 i 2012). Med TV-serien Flukt på NRK 1 satte Leo Ajkic fokus på det å vere på flukt. Han gjorde dette på sin måte, og brukte aktivt sin eigen bakgrunn som flyktning for å formidle personlege og dramatiske historier frå dei som er på flukt både i Europa og i Noreg. Vi fekk innsyn i kven dei er, korleis dei lever, kva dei tenkjer, og kva dei drøymer om. I oktober 2017 var han for andre gong programleiar for TV-aksjonen, som i år hadde fokus på barn som er ramma av krig og konflikt.

Deles ut i desember

Eit diplom og Ole Vig-prisen på 10.000 kroner blir delt ut i kulturhuset Kimen i Stjørdal torsdag 7. desember.

Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vig si ånd. Det gjeld ungdom frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innan folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid.