«Vi er heldige i Stjørdal som ikke har eiendomsskatt»

Lars Moa mener kommunen bør innføre eiendomsskatt. 

Debatt

Ja, vi er heldige som ikkje har eigedomsskatt. For da har vi jo ei ubrukt inntektskjelde som politikarane kan vedta å ta i bruk. Særleg no når det ser ut til at det må skjerast ned på mange viktige velferdstilbod i kommunen vår.

Vi har ein ordførar som er godt over middels intelligent. Det er det ingen grunn til å tvile på, medlem av Mensa som han er. Men sjølv dei superintelligente kan prestere å meine og seie uintelligente ting i ny og ne, som da ordføraren vår sa at Stjørdal kommune kan levere betre tenester til innbyggarane utan eigedomsskatt enn med.

371 av Noregs 422 kommunar, dvs. 88 % av kommunane, har innført eigedomsskatt, og denne skatten gir desse kommunane ei inntekt på til saman 14,2 milliardar kroner i 2019. Politikarane i dei kommunane har nok innsett at desse pengane kjem godt med.

Alle forstår, inst inne, at ein kommune kan levere betre tenester med meir pengar. Og eg er ganske sikker på at det er mange veljarar både i SP, KrF og MDG i kommunen vår som ser dette poenget. Høgre og FrP er nok dei einaste «reine» motstandspartia av denne skatten, men det er meir prinsipielt; dei vil jo ha lågare skattar, spesielt for dei rikaste. Synd er det at AP og SV omskapte seg sjølve til motstandarar av eigedomsskatt i siste valkamp, truleg fordi dei trudde det var taktisk lurt. Raudt var det einaste partiet i Stjørdal som signaliserte at dei er for eigedomsskatt.

Det er slett ikkje umogleg at fleirtalet av representantane i kommunestyret i Stjørdal er for å innføre eigedomsskatt. La oss håpe på ein open debatt om dette i kommunestyret no. Kven vil ta initiativet?

Lars Moa