«Vonde prioriteringar i Malvik»

Rødt Malvik, bakerst fra venstre: Jens Morten Nilsen, Ola Heyerdahl Engebretse og Amanda Lysholm Larimore. Første rekke fra venstre: Anna Schärer, Estela Andreetta, Claudia P.A.S. Bjørgum og Tina Haugen.   Foto: Privat

Debatt

Når Matz Ulstad seier i Bladet at det ikkje er pengar til å halde barnetrygda utanfor berekning av sosialhjelp, er det nesten poetisk. "Det gjør vondt å vedta denne prioriteringen", seier han i Bladet 3. september 2020. 

For den uinnvigde er altså barnetrygd ein stønad som alle med barn får. Stønaden skal gå til utgifter til å ha barn, fritidsaktivitetar osv. Alle får dette, kvar månad, anten ein har full jobb, er heimeverande eller er millionær. Raudt ønskjer å auke barnetrygda generelt, men ei slik auke vil ikkje bety noko som helst for de fattigaste familiane viss vi ikkje får slutt på at mange kommunar, som Malvik, kuttar barnetrygda for dei som mottar sosialhjelp. I praksis betyr dette at dei familiane som treng det mest, blir tatt i frå noko som i utgangspunktet skal være universelt. 

Yo, Matz, ingen har sagt det skal vere lett, men det er jaggu ikkje så vanskeleg heller! Det vil koste under 2 millionar å halde barnetrygd utanfor ved berekning av sosialhjelp i Malvik. I rådmannens forslag til budsjett for 2021 er det 22 millionar i driftsoverskot. 

Men Raudt Malvik er eit seriøst og ansvarleg parti som forstår at det alltid må prioriterast, særleg i lys av det spesielle året vi snart skal leggje bak oss. Vår representant vil derfor fremme ein interpellasjon på kommunestyremøtet den 2.11.2020 der vi foreslår følgjande vonde prioriteringar i kommunen: All møtemat skal betalast av politikarar sjølv (slik kantina fungerer på arbeidsplassar elles), alle folkevalde skal få anten lønskompensasjon eller møtegodtgjering, ikkje begge delar, og vi ber ordførar og varaordførar om å avstå frå lønsauke i 2021. Det som sparast inn på dette skal gå til å halde sosialstønad utanfor berekning av barnetrygd. Vi trur det rekk langt på veg!  

Raudt Malvik