«Demokrati i strandkanten»

Raudt Malvik ønsker omkamp om Moan og Stasjonsfjæra. 

Debatt

Innbyggarane i Malvik er i ferd med å mobilisere sitt engasjement mot utbygginga av Moan og Stasjonsfjæra. Eit stort antal hadde møtt opp for å møte 1.mai-toget og ordføraren med plakatar som oppfordrar kommunestyret til å snu og heller bevare Moan og Stasjonsfjæra som friluftsområde.

Mange lokalpolitikarar stør seg på at «demokratiet har talt» og gamle vedtak om reguleringsplanar og slikt må stå. Noko anna ser dei ut til å meine er udemokratisk.


 

Men slikt engasjement som vi såg 1. mai betyr noko! Innbyggarane krev dialog om eit område som er viktig for oss alle, og tvingar politikerne til å ta eit tydeleg standpunkt i saka. Det er dette som er demokrati! Ein etter ein har dei store politiske partia «klargjort sitt syn» i pressa, men i eit reelt demokrati er det folket som styrer. Då må innbyggarane vere godt informerte tidleg i prosessen, dei må ha reell medverknad, høyringsrunder og folkemøter må nå ut til dei involverte og innbyggarinitiativ blir lytta til. Reelt demokrati er meir enn å klamre seg til gamle røysteprotokollar og å «klargjere sitt syn». Dei folkevalde må lytte til sine veljarar, og vise seg tilliten verdig. Har dei folkevalde oppdatert seg på kva veljarane deira meiner om saka no i 2021?


 

Og kor lenge gjeld eigentleg eit vedtak? Til eit nytt, demokratisk vedtak blir fatta! Saka om utbygging i sentrum og langs sjøkanten er minst 15 år gamal. På 15 år har mykje endra seg: Kommuneøkonomien er endra, å bevare strandsona har blitt meir prekært, og psykisk og fysisk helse har kome meir i fokus. Dei foreslåtte husa i planen har blitt høgare og fleire slik at allemannsretten har blitt meir innskrenka, og utsikta har blitt mindre. Innbyggarane har fått meir informasjon og fleirtalet kan ha endra standpunkt.

Då tidligere vedtak ble fatta, fanst ikkje Raudt Malvik. Tida forandrar seg, og folk forandrar seg. Sjølvsagt det er demokratisk å endre vedtak! La folket styre!