«Er Havna Panorama ein byggeskandale?»

Lars Moa mener at Havna Panorama kan bli en gedigen byggeskandale hvis den trumfes igjennom av flertallspartiene.   Foto: Jan Erik Sundøy

Debatt

Bladet har laurdag 19/6 ein artikkel om det planlagte såkalla Havna Panorama som skulle behandlast i Utval for plan og miljø onsdag 23/6. Artikkelen er litt av eit glansbilde.

Viss Bladet hadde gått meir detaljert inn i sakspapira, for ikkje å snakke om viss dei hadde vore til stades på møtet 23/6, ville dei sett at dette er ei svært spesiell sak.


 

For eksempel er det slik at utbyggingsselskapet PGKH i planen har lagt nedgravne avfallskonteinarar og nedkjøring til parkeringskjellar på annanmanns grunn, bygging langt innanfor byggegrensa på 4 meter frå naboeigedom fleire plassar, ein stad så nært som 1 meter frå grensa, tilkomst over naboeigedom.

Utbyggaren påstår at dette er ting som er avklart med dei aktuelle naboane, noko naboane nektar for. I møtet vart det frå kommunen si side gjort klart at viss forslaget til vedtak vart godkjent, ville det likevel ikkje bety at utbyggaren ville ha fått godkjenning til å bygge slik som planen viser. Det måtte ligge føre ein avtale mellom utbyggar og naboar om dei omstridde punkta. Dersom det ikkje var mogleg å komme til einigheit, kunne det i ytste konsekvens skje at utbyggar ville søke kommunen om løyve til å ekspropriere.

Arbeidarpartiet foreslo at saka vart sendt attende til kommunedirektøren for vidare avklaring. Men no skjedde det noko merkeleg: Leiaren i utvalet, Rolf Charles Berg (SP), utbraut med patos at forslaget måtte vedtakast, for han var på vegner av både på seg sjølv og dei andre utvalsmedlemmene gørr lei av alle e-postar, sms-ar og direkte kontaktar frå folk i forkant av denne saka. Den beste måten å sleppe unna dette på, ville vere å få saka ut på høyring og dermed få losa alle spørsmål og innspel til kommunen og ikkje direkte til politikarane. Dette argumentet kom han attende til fleire gonger i debatten. Og han fekk med seg heile samarbeidsblokka på dette, og AP’s tre vart åleine om å stemme for å sende saka attende.


 

I og med at Bergs hovudargument for å fatte vedtaket var å sleppe direkte kontakt med folk som hadde spørsmål, kom eg til tenke at det må da vel vere eit av dei høgaste ønska til ein politikar, det å ha kontakt med folk. Kanskje på tide å begynne å vurdere om ein skal trekke seg ut av politikken?

Avslutningsvis: Viss Senterpartiet & Co er parate til, i ytste konsekvens, å ty til ekspropriasjon for å trumfe igjennom denne byggesaka, da har vi nok den største byggeskandalen i Stjørdal kommunes historie.