«Eg vil gjerne ha svar, Ivar Vigdenes og Rolf Charles Berg!»

Lars Moa etterlyser svar fra Ivar Vigdenes og Rolf Charles Berg.  Foto: Jan Erik Sundøy

Debatt

I eit lesarbrev i Bladet 15/6 påstod eg at Senterpartiet i Stjørdal er sentraliseringspartiet par excellence, og at ordførar Vigdenes bruker ordførarkjeda som eit privat smykke som han kan bruke fritt. Bakgrunnen for ytringa mi var at ein begeistra ordførar med ordførarkjeda om halsen hadde opna kolossblokka Karl Eidsviks plass der 41 nye leilegheiter erstatta tre einebustadar.


 

I eit anna lesarbrev 29/6, der eg stilte spørsmålet «Er Havna Panorama ein byggeskandale?», refererte eg frå møtet i Utvalg for plan og miljø 23/6. Eg påstod at hovudargumentet til utvalsleiaren Rolf Charles Berg for å vedta det framlagte forslaget om å sende utbyggingsaka ut på høyring, var at det var den beste måten for han og dei andre i utvalet å sleppe alle e-postar, sms-ar og direkte kontaktar frå folk som ville legge fram sitt syn.


 

Dei to fremste SP-politikarane i Stjørdal har ikkje tatt seg bryet med å svare meg. Kvifor dei vel å la vere, veit berre dei to sjølve. Eg utfordrar dei no til, i god demokratisk tradisjon, å svare på innlegga mine i avisa.

Eit brennande viktig spørsmål til begge til slutt: Er Senterpartiet & Co parate til, i ytste konsekvens, å ty til ekspropriasjon for å trumfe gjennom denne byggesaka?

Lars Moa