Vinje-framsyning til Kimen Kulturhus

– Her vert det ein by ein gong, sa Åsmund Olavsson Vinje då han skua ut over Stjørdal frå Gevingåsen.

Skodespelar Ragnhild Vannebo og musikarane Jon Pål Inderberg og Øyvind Nygaard kjem til Kimen kulturhus. 

Nyheter

I år er det 200 år sidan Asmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje i Telemark. I 1860 vandra Vinje nordover til Trondheim. Han ville oververe kroninga av konk Karl 5. i Nidarosdomen. Etter kroninga vandra han vidare nordover og passerte Stjørdal.

Dette vil mållaget og biblioteket markere på skikkeleg vis. Det skjer med ei framsyning i Vektersalen i kulturhuset Kimen måndag 17. september.

Skodespelar Ragnhild Vannebo har saman med musikarane Jon Pål Inderberg (saksofon) og Øyvind Nygaard (fløyte) laga ei framsyning som dei kallar «No ser eg atter… På ferd med godbitar frå Ferdaminne og utvalde dikt og tonar».

Lars Moa som leiar Mållaget i Stjørdal, gler seg til framsyninga.

–Vannebo har plukka ut mange godbitar frå den vedunderlege reiseskildringa, også dikt. Og musikarane spelar med, rundt og innimellom tekstane, både gamle og nye tonar, seier Moa.

På vandringa si skriv Asmund Olavsson Vinje fantastiske kommentarar i møte med bygde- og by-Noreg. Han skriv óg dikt som seinare vart – og framleis er, ein viktig del av nasjonalarven vår.

Lars moa nevner dikt som «No ser eg atter slike fjell og dalar» og «Langs ei aa» som var inspirert av elva Orkla. Etter kroninga gjekk ferda vidare nordover til Inderøy der han skreiv «Her ser eg fagre fjord og bygder».