KRLE-undervisninga – forkynning i ateisme?

Utdeling av bibler til 5.klassinger i Stjørdal har blitt et stridstema etter at rådmannen foreslo å kutte ut ordningen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX  Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX, NTB scanpix

Nyheter

Som mangeårig medlem av Raudt og Den norske kyrkja har eg eit bein i kvar leir i spørsmål om religion. Eg meiner at begge har rett, kvar på sin måte.

At bibelen er ei bok alle elevar skal ha tilgang til deler eg med kyrkja.

Men meiner det er feil å dele ut biblar til alle 5-klassingar. Kyrkja er ikkje rik,- slik mange trur. Det er sløsing å gje boka til personar som ikkje har synt interesse for ho.

Skulen skal vere nøytral i religiøse spørsmål. Det vert han ikkje om berre Bibelen vert delt ut der. Korleis ville vi reagert om kommunen starta dele ut Koranen gratis?

Men den norske kyrkja har i århundre hatt fri tilgang til skulen. Det er ikkje rart vi har problem med å sjå det er galt. Vi held berre fram med ting vi «alltid» har gjort.

Bibelen er ei viktig bok, både for jødar, muslimar og kristne. Alle desse trusretningane ættar frå patriarken Abraham. Vi er alle «Abrahams barn», som Svein Tindberg sier.

Bibelen er og ei viktig kjelde for dei etiske prinsippa og moralske normene vi lever etter i vårt samfunn. Skulen bør ha biblar slik at alle elevane har høve til å lese i den kristne grunnboka. Elevane bør ha høve til å kunne lese i alle sentrale religøse grunnbøker.

Føremålet med KRLE-faget er å skape respekt og toleranse. Det høyrest bra og rett ut.

Men så kjem nokre innstruksar for undervisninga som eg finn problematiske. Det heiter:«undervisningen skal være objektiv, kritisk og pluralistisk. Det innebærer at den skal være saklig ....undervisningen skal (det) ikke være forkynnelse eller religionsutøvelse.»

Dette er instruksar som er vanskeleg å etterleve.

På ein skule i Stjørdal hadde dei lese ei forteljing der Jesus fekk ein blind mann til å sjå. I den kritiske, objektive bolken vart det frå læraren sagt: «Men noe slikt går ikke an, det vet jo alle.»

Meir vart ikkje sagt om saka.Kan hende læraren ikkje fylgde instruksen, men dømet viser korleis han vert praktisert.

I Bibelen heiter det at Jesus får blinde til å sjå, døve til å høyre og slepper fangar fri frå fengsel. Det er orda døyparen Johannes sine læresveinar fekk med seg då dei kom for å høyre om Jesus var Guds son.

Mange kristne trur Jesus gjorde desse mirakla bokstavleg. Kan hende gjorde han det. Men dette kan og lesast symbolsk.

I Bibelen står at folk ser, men skjønar ikkje, høyrer, men oppfattar ikkje. Og evangeliet handlar om frelse: eller å bli sett fri, som den nye oslobiskopen kallar det.

Kva fangenskap skal vi friast ut or? Jo, bindinga til det som vert verdsett av oss alle på jorda: rikdom, makt og ære. Bibelen, og Jesus framfor alle, understrekar: Vi skal frigjera oss frå dette og heller:«samle oss skattar i himmelen», som han uttrykjer seg. Det betyr at vi skal legge vinn på å oppføre oss fint mot dei som er ikring oss. Og i dette var Jesus meisteren, bokstavleg tala.

Ikkje noko menneske klarar leve slik han gjorde. Vi er alle «fødd etter syndefallet», som ein god kristen uttrykte det. Det hindrar oss ikkje i kvar dag å prøve.

For meg handlar kristendomen om korleis eg lever livet mitt her og no, i denne verda, ikkje om evig liv, som er ei anna side av saka. I den grad vi lukkast er vi alt i himmeriket. Jesus seier at himmeriket er inni oss, og midt imellom oss. Det er dette Jesus får oss til å sjå. Slik (og) får han blinde til å sjå.

Tilbake til KRLE. Slik undervisninga vert praktisert er ho i praksis ei forkynning i den ateistiske trua, som ikkje eingong er med mellom religionane det skal undervisast i.

Det hjelper lite oss kristne at det har kome ein K framfor dei andre bokstavane når ein i timane lærer borna at trua vår er usann.

Beste helsing

Sverre Sævareid