Kjem gjerne med påskekrimen på døra

Lars Moa med krimboka han oversatte frå færøyisk til nynorsk i fjor  Foto: Jan Erik Sundøy

Nyheter

Lars Moa kjem gjerne heim til deg og leverer påskekrimen på døra. No tilbyr oversettaren frå Stjørdal færøysk krim til lesarar i Stjørdalsdistriktet.

I fjor omsette Lars Moa og fekk gitt ut noko så eksotisk som ein færøysk kriminalroman.

– Og ærleg snakka: Det er ein skikkeleg god og spennande krimroman, seier Moa.

Godt tilbud

Han vedgår at det dessverre er slik at det er ganske vrient for ein liten og ukjent litteratur som den færøyske å vinne fram hos kritikarar og bokhandlarar i konkurranse med norsk og omsett litteratur frå dei store, kjente landa.

– For å hjelpe litt på salet, har eg skaffa meg nokre eksemplar av denne romanen frå forlaget og går ut med eit godt tilbod til nokre av dei eg har på adresselista på e-postkontoen min, seier Moa.

Eva fra Paraguay

Boka heiter «Blid er sommarnatta», og er skriven av Jógvan Isaksen. Ho er den aller første færøyske krimromanen og første bok i serien om den færøyske krimhelten, journalist Hannis Martinsson. Journaliskollegaen hans, Sonja Pætursdóttir, blir funnen død ved foten av Støðladjall. Martinsson begynner å grave i saka, og oppdagar snart eit samband til skonnerten “Eva” frå Paraguay, som ligg ved kai i Tórshavn. Kven er dei to eldre gentlemen om bord på skonnerten? Er dei berre komne for å selje fiskerirettar til det færøyske landsstyret, som dei påstår? Eller har dei andre ærend?

Bringer

Romanen har kome ut på dansk, islandsk, tysk, engelsk, fransk, ungarsk og norsk.

Lars Moa tilbyr boka for 150 kroner; og han bringer på døra.

– Unn deg sjølv ei bokgåve til påske. Eller kjøp ei gåve til ein ven som liker krim, sier Moa.