Rimul frå Raudt skriv torsdag i Bladet om US-marines på Værnes. Han skriv at dei ikkje tryggjer freden, men tvert om: dei gjer oss til eit bombemål.

Under valkampen,- og elles, fekk vi høyre at: «Forsvarspolitikken ligger fast» Og at det er stor politisk semje om han. Ved valet i haust var det strid om Flybasen på Andøya og Sjøheimevernet. Viktige spørsmål, men dei vart ikkje sett inn i eit forsvarspolitisk bilete.

Lokalt vart spørsmålet om soldatar på Værnes teke opp som ein detalj. Det er ingen stor skilnad på øvingar av og til og at det skjer heile tida, vart det sagt. Sal av øl og pizza til soldatane vart trekt fram som viktige for lokalsamfunnet.

Arbeidsplassar og lokalt næringsliv meiner eg ikkje viktige når ein drøfter forsvaret. Men det vert gjort til det viktige. Tenk berre på striden om flybasen på Ørlandet.

Eg er ingen forsvarsekspert, men ser likevel at det har skjedd store endringar dei siste ti-åra. Det har skjedd eit skifte frå å ha mange soldatar til elitestyrkar. Det er formelt ålmenn verneplikt, men berre dei beste kjem inn. Og det har blitt kjøpt kostbart utstyr. Millitærleirane har blitt færre. Kystartilleriet, der eg sjølv gjorde teneste, er lagt ned.

Det siste er at forsvaret vil kvitte seg med er Kystvakta.

På den andre sida har forsvaret vore med i krigar både i Afghanistan, Libya og Syria. Medan vi før var under FN-flagg, er vi no del av ein NATO-hær.

At US-marines etablerer seg fast i Noreg er siste fase i denne utviklinga.

Steg for steg har vi gått bort frå eit nasjonalt grenseforsvar til å bli del av ein innsatsstyrkje som kan setjast inn overalt i verda.

Og alt dette skjer utan ope ordskifte !

Eg er heilt ut einig med Rimul. Millitærmakta vår er ikkje lenger med på å trygge freden i Norge, slik vi så vakkert syng i nasjonalsongen, men skaper ufred i verda.

Sverre Sævareid