Nyleg har Statistisk sentralbyrå (SSB) gitt ut lønnsstatistikken for 2021. Den viser at kvinner har i gjennomsnitt 87,9 prosent av lønna til menn, omtrent som tidlegare år. Likeløn har vore tema i fleire lønsoppgjer i vår. Som vanleg utløyser påstanden eit kor av «ja, men…!». La oss gå gjennom nokre av dei.

«Ja, men vi har lik løn for likt arbeid i Norge. Det er nedfelt i likestillingslova at likt arbeid skal gi lik løn. Dei som måtte oppleve anna til å melde det, eller iallfall vise til lova ovanfor sin arbeidsgivar».

Å melde frå om slike avvik er eit godt råd, men i praksis er dette vanskeleg: Det finst svært få «Ola og Kari» i jobb rundt om i Noreg som har nøyaktig likt arbeid, nøyaktig likt ansvar, har vore akkurat like flinke og så vidare. På individnivå vil det alltid (for arbeidsgivar eller sjef) vere mogleg å forklare. Ola fekk lønnspålegg då han la inn ekstra innsats i fjor, han har jo litt meir ansvar og bitte litt anna stillingsinnhald enn Kari. På papiret har vi likeløn, men statistikken viser det motsette. Det er eit uomtvisteleg faktum.

«Ja, men det er nokre få menn som tener svært mykje og trekk gjennomsnittet opp, så ulik løn gjeld først og fremst for dei med millionløn, ikkje folk flest. Vi kan slå oss til ro med at den Ola og Kari i vanlege jobbar tener likt».

Det stemmer at blant dei høgast løna – sjefar, direktørar og andre, er det flest menn. Vi hugsar at tidlegare statsminister Erna bytta namn til Arne på sosiale media fordi ho ville få fram det gode poenget at om du er blant dei 100 rikaste i Noreg er det meir sannsynleg at du heiter Arne enn at du er kvinne, og dermed at det er svært mykje meir sannsynleg at du er mann. Og derfor er medianløn eit betre mål: Om du stiller opp alle kvinnelege og mannlege lønsmottakarar i Norge på kvar si rekkje sortert etter kor mykje dei tener, vil dama som står akkurat i midten berre tene 94.1% av det den tilsvarande mannen på mannsrekka gjer. I den samanlikninga spelar det inga rolle kor mykje dei 10, 100 eller 1000 høgast løna menn tener. Forskjellen er mindre enn for gjennomsnittet, men forskjellen er der og den er uforklarleg stor. Det er eit anna uomtvisteleg faktum.

«Ja, men kvinner jobbar meir deltid og dermed tener dei jo så klart mindre».

Ja, kvinner jobbar meir deltid (både frivillig, og diverre, ufrivillig), men det har ingenting å seie for denne statistikken ettersom SSB samanliknar heiltidsekvivalentar. Det er eit vanskeleg ord for å forklare at om ei kvinne jobbar 50 prosent stilling vil hennar inntekt vere gonga med 2 før den går inn i statistikken. Inntekta blir justert slik at den svarar til det personen ville tent ved 100% stilling før dei blir samanlikna. Det er truleg eit poeng at Kari som jobbar 80 prosent kanskje får dårlegare lønsutvikling (igjen, justert for arbeidstid) enn Ola som jobbar 100 prosent. Det er i så fall eit av dei strukturelle problema som gir forskjellen vi ser.

«Ja, men kvinner tar seg trygge jobbar i offentleg sektor. Det har jo sine fordelar sjølv om løna ikkje er den beste».

Det er sant at kvinnedominerte yrke har lågare løn enn mannsdominerte yrke. Men at det er ei forklaring betyr ikkje at vi skal seie «å, ja, men då er det jo greitt». Det er eit problem vi kan og må gjere noko med. Den dårlege løna til sjukepleiarar hemmar rekrutteringa til yrket sjølv om det er ein relativt trygg jobb.

«Ja, men det er færre sysselsette kvinner med høg alder. Forskjellane vil utjamne seg sjølv med tida».

Det stemmer at kvinner i alderen 25-34 år tener heile 96 prosent av menn målt på median og forskjellane blir større med høgare (og lågare) alder. Det er framleis ein forskjell og det tyder på at forskjellen slett ikkje blir borte når fleire eldre arbeidstakarar (med god løn og relativt færre kvinner) blir pensjonistar.

«Ja, men kvinner er lengre i barselpermisjon enn menn og blir hengande etter i lønsutviklinga der. Og når dei kjem tilbake er ikkje karriere så viktig lengre».

Det stemmer at mamma i gjennomsnitt tar lengre permisjon enn pappa sjølv om pappapermen har blitt utvida dei siste åra. Men når mamma-Kari allereie har blitt gått ifrå av kollega pappa-Ola når ho kjem tilbake i jobb, kan vel alle forstå at motivasjonen har fått seg ein knekk. Dette er igjen er strukturelt problem som er mogleg å løyse.

«Ja, men eg har anna statistikk å vise til».

Slutt å tulle, ingen kan statistikk betre i Norge enn SSB. Alle tal i denne artikkelen er henta derifrå.

«Ja, men menn tar lengre utdanning enn kvinner».

Det er direkte feil, for aldersgrupper under 67 år har fleire kvinner enn menn høgare utdanning. Det burde jo bety at lønsstatistikken heller skulle ha vore motsett.

Det er ingen grunn til at kvinner i snitt skal tene mindre enn menn. Vi er ikkje ferdig likestilte fordi det er nedfelt i lova at det skal vere lik løn for likt arbeid.

Om du meiner dei strukturelle forskjellane og problema ikkje er noko å bry seg om og at verda aldri blir rettferdig, så greitt nok, men vi må slutte å bortforklare fakta.

Ja, men kva kan vi gjere? Vi kan auke løna i kvinnedominerte yrke, utvide ordninga enkelte fagforeiningar har der kvinner automatisk går opp i løn når dei kjem tilbake frå barselpermisjon. Eller kva med ein eigen likelønspott utanfor ramma i tariffoppgjeret for å heve kvinners lønn og for å utjamne ulikskapen? Eller lovfesta rett til heiltid, sekstimers normalarbeidsdag slik at vi fordeler arbeidet på fleire. 21. mai arrangerer Raudt ein nasjonal aksjonsdag for likeløn. Sjå etter den raude stjerna der du er for å fortsette likelønspraten.

Ja! Ja til alt dette. Og ikkje no’ «ja, men!»